stortinget

Revidert statsbudsjett – 65 mill. kr. til skipsfarten

Regjeringa vil gje 65 millionar kroner til rederi, verft og utstyrsleverandørar for å byggje miljøvenlege skip og ferjer.

Pengane skal bidra til innføring av låg- og nullutsleppsteknologi i ferjer og andre rutegåande samband i fylkeskomunar og komunar. Satsinga er ein del av regjeringa sin tiltakspakke for å skaffe fleire arbeidsplassar.

– Med dette tek vi eit nytt grep for grøn fornying av skipsfarten. Vi sørgjer for at vi får prosjektert grøne skip og ferjer klar til bygging. Dette gjev også sysselsetjing langs kysten og styrka konkurransekraft for norsk maritim næring, seier Vidar Helgesen. Les meir om dette på Klima- og miljødepartementet sine sider.

Regjeringa foreslår over 900 millionar kroner i ei rekkje målretta tiltak på Sør- og Vestlandet.

Samla sett anslår ein bruken av oljepengar i 2016 til 206 milliardar kroner. Det er 10 milliardar kroner høgare enn kva som var lagt til grunn i fjor haust. Les meir om dette på regjeringa sine heimesider.