RANA EXPRESS Frode Adolfsen

Godsavtale – 300 000 lastebilar skal vekk frå vegen!

Dei fire borgarlege partia (H, FrP, KrF og V) er einige om tiltak som skal flytte 30 prosent av godstransporten frå veg til sjø og bane innan 2030.

Avtalen byggjer på eit representantforslag frå KrF, som har vore til behandling i transportkomiteen. Transportkomiteen gjev innstilling om saka tirsdag, før den går vidare til votering i Stortinget 30. mai.

Dei fire borgarlege partia er einige om at det trengst ein nasjonal havnestrategi for å sikre effektiv drift samstundes som avtalen også legg opp til ei midlertidig tilskotsordning til vareeigarar som velgjer sjø framfor veg.

– Dette er noko vi ser veldig positivt på! Eit viktig steg på vegen vidare for å få meir last over frå veg til sjø, seier Siri Hatland, adm. dir. i Fraktefartøyenes Rederiforening. FR deltok saman med andre maritime organisasjonar på høyringa om denne saka i Stortinget i april.

 

Du kan lese meir om saka på NRK sine nettsider.